mandag 19. oktober 2009

Vi skal få utrulege ting til å skje

Eg var på TSN 09/10 sin premierekonsert i kveld. Heidundrande flott var det, og som mange (allereie) har sagt før meg; dei kjem utan tvil til å få utrulege ting til å skje!



Her er årets vakre kull

Og her kan de følge dei gjennom året - det skal i alle fall eg :)

torsdag 15. oktober 2009

Utsikt frå lesesalen







onsdag 7. oktober 2009

Fantastisk!

Dersom eg nokon gong har vore i tvil om eg skulle få meg dyr når eg blir stor og sterk, er det ikkje spor att av den. Dette er faktisk heilt fantastisk! Den er lang, men verdt det :)

Ha ei god natt

mandag 14. september 2009

Lykke

Eg høyrer på den nye plata til Whitney Houston før eg skal på kor.
O lykke, ho er tilbake!


torsdag 10. september 2009

Ein god kveld

(Dette er nok mest for spesielt interesserte. Kanskje.)

Ting begynner å falle på plass. Etter mykje styr om kva studie, klasse og gruppe eg skulle vere i (mensendieck --> fysio A2, gruppe 4 --> B2, gruppe 8 --> A2, gruppe 3) har eg endeleg fått dette fastsett, og i løpet av i dag fått sjonglert meg mellom fleire ulike klassar og fått med meg alt det obligatoriske eg skulle gjennom denne veka. Og no er eg for alltid ein del av A2, gruppe 3. Deilig.

Elles har eg eigentleg hatt ein litt rar dag. Eg har fått stemt, og gått tidleg heim for å vaske leilegheita. Det tek litt tid å skulle vaske fellesareal i ei leilegheit på 211 m2, men no er det jo 9 veker til neste gong. Veldig greit. Men då dette var gjort, var klokka berre litt over 15. Eg er ikkje vand med å vere heime så tidleg, og eg orka ikkje å gå på trening. Dårleg avgjerdsle. Ettermiddagen utarta seg nemleg svært så frustrerande. Eg var i ein tilstand der eg var utan sidestykke rastlaus, men likevel sliten og tiltakslaus - og på toppen av det heile hadde eg eit hinsides sug etter kaffi og noko "godt attåt". Til slutt kom Tine heim og foreslo at eg skulle ta meg ein tur ut. GODT forslag. Eg tok meg ein tur i nabolaget, og oppdaga ein liten byoase som eg kjenner eg kjem til å kome tilbake til. Utruleg å få ein slik ro midt i byen! Etter dette gjekk eg på butikken og surra rundt meg sjølv, og var noko livstrøtt.

MEN: då eg kom heim, kom plutseleg fire av jentene eg bur med inn på kjøkkenet, og hadde tenkt å få seg litt kvelds. Og så satt vi der med eitt, fem (etter kvart seks) jenter, med brødmat, deilig presskannekaffi og te, (og ein aldri så liten sjokoladebit eg hadde fått med frå butikken) og hadde ein koseleg kvelds med godprat og skikkeleg, skikkeleg godstemning.

Eg ser at eg ikkje klarer å formidle akkurat kor god denne kvelden og kveldsen var, men eg sit att med den same godkjensla eg hadde då vi heime på Hjelmeland hadde kveldsbesøk, og hadde kvelds med serviset som er grått og grønt, som sikkert mange synes er stygt, men som eg synes har ein umåteleg sjarme, og praten var roleg og stille, og ein drakk te og kaffi og åt god kvelds.

Dette seier nok ikkje andre enn meg noko som helst, men det er likevel fint å sitte med denne kjensla, og så er det fint å skrive det ned. Sjølv om det nok er mest for meg... 

God natt

fredag 4. september 2009

Nytt liv, ny blogg

Det er no alt for lenge sida eg har blogga. Sidan sist skikkelige innlegg har det skjedd myykje...
- eg har hatt besøk av mams, Åslaug og Aisha i pinsehelga
- Mikkel si mor og stefar har vore på besøk
- eg har vore på Madsen-familehelg i DK
- eg har hatt ferie med berre stygt ver
- eg har vore på dansk KFUM-KFUK-leir og hatt ungdomane i drama
- eg har vore heime hos far og Synnøve og truffe dei for første gong på eit år
- eg har vore tante i nokre dagar og passa den heilskjøne Aisha
- eg har teke lappen (wuhu)
- eg har vore leiar på tensingseminar
- eg har vore i det skjønne bryllupet til Martin og Johanne, og på besøk hos "svoger"Lasse i same
slengen
- eg har begynt på fysioterapi mensendieck
- eg har begynt på fysio
- eg har hatt besøk av mamma

Det var ei kort oppsummering av dei sist månadane. No bur eg i Huitfeldts gate 5 med 8 (!) andre jenter, og kosar meg stort med det så langt. Eg har òg kjøpt meg treningskort, og vore på trening 3 gongar siste veka. Det er ei stor prosentauke, om du skulle vere i tvil om det.
Eg nyt livet som aldri før, og det einaste som eg no kan mangle, er ein jobb. Det kjem vel på plass etter kvart det òg.

Livet er altså ganske så fornya, og eg feirar med ny utsjånad på bloggen (tenker at det er lenge nok sia du hadde den Mildrid og at det går heilt fint ;) )

Eg har sagt det før, og kjem nok til å sei det mange gongar til; livet er godt i Oslo!

tirsdag 7. juli 2009

Brotne løfter

I dag tidleg var det meldt sol for morgondagen - noko vi nesten ikkje har hatt her i hovudstaden sidan den tropiske stormen vi hadde på besøk ein time forrige fredag. Kunne skrive eit heilt blogginnlegg om den forresten, det va stas. Uansett. Eg tok ein "kjik" på yr no, som eg alltid gjer før eg slår av PC-en for dagen, for å sjekke om det framleis heldt seg. Eit bilete seier meir enn ord...





God natt.